Samuel Brown var ein engelsk oppfinnar som er kjend for å ha eksperimentert med forbrenningsmotorar tidleg på 1800-talet. Han var utdanna som bøkker og arbeidde mellom anna med å utvikla maskinar for dette faget. I 1823 og 1826 fekk Brown patent på ein atmosfæremotor. Han nytta ein gassflamme til å varma opp lufta i ein sylinder. Sylinderen hadde utlufting og difor tilnærma atmosfæretrykk. Etter at lufta i sylinderen var oppvarma vart utluftinga stengd og sylinderen var avkjølt med vatn. Dette førte til at volumet av gassen i sylinderen vart mindre og trykket vart mindre enn atmosfæretrykket på utsida. Atmosfæretrykket dreiv difor stemplet innover.
Developed by StudentB